fredag 2. desember 2011

Tur te Halsavatnet

Endele ein god turopplevelse med gruppa! Idag skulle me gå fra Fretland, over Nuken, nedover mot Åberge for so ned igjen til skulen. Det var dårleg vær, med nedbør og vind, men heldigvis snødde det heilt frå starten, så me slapp regn! Første gang eg sette føtna i snø i haust, så det var særs kjekt! Tok jo med hunden, Mac, og han va bra gira når han kom opp i snøen. Det å ta me Mac va kjekt, og han greidde seg særs godt sjøl om da va mykje snø. Einaste minuset va at han vart veldig fort utolmodig når gruppa stoppa og bjeffa og masa då.

Turen gjekk ikkje so planlagt, me kom ikkje eingang opp te Nuken. Me kom til Halsavatnet, men då måtte me snu, mest på grunn av dårleg vær, og at gruppa brukte lenger tid oppøve enn planlagt. Det snødde og blas så mykje at me nesten ikkje såg noke som helst. Torgeir va ute og speida og kom då fram te denna bestemmelsen. Det blei ikkje smertefritt å snu, då ei uheldig i gruppa sette føtna sine feil når me skulle krysse ei elv/bekk, og tråkka nedi vatnet med begge føtna. Her greidde gruppa å samarbeide godt, folk stilte seg i ring rundt jenta og fant fram det utstyr som kunne være til hjelp. Ho fekk på seg tørt utstyr relativt fort, men var nok ganske kald. Dette var synd, men me hadde det likavell kjekt på turen!


So enkelt og greitt, da so gjekk bra va at dei fleste hadde da kjekt, og me fekk gjort gjennomført noken av turmåla. Da so gjekk dårle va da som var forklart ovanfor, og at mi ikkje greidde alle turmåla.

Gruppa gjekk for det meste samla, bortsett frå nokre smågrupper som blei hengande bakpå. Holdningen og stemningen i gruppa var god på turen, og me prata og koste oss. Gruppa passa godt sammen og det virkar som om alle fortsatt kjem godt overeins.


•Planlegge, gjennomføre og vurdere turer knyttet til lokal friluftslivstradisjon
•Kle seg hensiktsmessig og lære utstyret å kjenne slik at dette ikkje vert nokon begrensing for turen.
•Praktisere bestemmingar for friluftsliv og allmenn ferdsel i utmark og ta hensyn til naturen me ferdast i.
•Ha da kjekt!


Me planla og gjennomførte turen, og for ein gangs skuld so vart det plan B. Turen var jo då ikkje akkuratt vellykka etter plan A, men kjekt var det uansett! Me hadde og planlagt å “fiska” med hendene på vegen oppøve, men da va for mykje vatn i elvene til at da va mule.
Eg hadde ingen begrensingar på denne turen, var varm og god heile tida, godt skotøy og kroppen kjendes god ut. Var kjekt å få ein god turopplevelse me gjengen!
Punkt tre blei vertfall gjennomført då me måtte ta hensyn til været og gå over til plan B. Før me måtte snu hadde me bestemt oss for å velje ei alternativ rute som var raskare enn den planlagte, men sidan me måtte snu vart det ikkje noko av.
Kjekt hadde me da denna turen, og eg trur dei fleste tykte at da va ein bra tur, tross været. Me fann jo pao litt diverse og, med ein leik på vegen ned, og med bildetakingen i skråningen på oppturen.


Føle eg deltok i fellesoppgave, bar noke fellesutstyr, lånte ut utstyr til noken som trengte da, og hjalp godt te under elveuhellet. Hjalp og folk øve elvene og va me på kartsamlingane.

Personle ville eg ikkje gjort noke anna, bortsett fra gjedna å tapa bak helane, sjøl om eg ikkje fekk noke problem no, so hadde eg nok kjent da meir hadde da vore ein overnattingstur. Elles va eg go og varm og hadde godt utstyr. Valge me å ta me Mac hadde eg helle ikkje endra, dao da gjekk fint, og han sov resten av dagen!


Eg lærte vell ikkje noke nytt, men eg fekk sjao me eigne auge at været snur fort. Har sett da før, men ikkje so fort og mange gange so mi gjore pao denna turen. 

No gleda eg meg te snøen kjemme skikkele og me begynna å ferdast pao ski! Satsa pao ein konge vinter!

onsdag 14. september 2011

Fjærlandssete

Dag 1 07.09.2011
Me møtte på skulen klokka 9 å henta telt, stormkjøkken, kart og kompass. Avreise ca. klokka 9.30 frå skulen mot Øvstedalen i ein alt for liten buss. Heldigvis smiska eg meg plass med Torgeir. Me gjekk deretter frå Øvstedalen til Fjærlandssete og var på plass 13:05. Dette var inkludert ein matpause på vegen. Alle gruppene førte veg på tur, noko som gjekk fint. Det regna nok så mykje heile tiden, med opplet av og til. Sleit mykje med frost og smerter rundt om kring i kroppen denne dagen, så heilhetsfølelsen av turen var ikkje så bra som håpa.

Dag 2 08.09.2011
Dagen begynte ganske bra, ikkje noko regn, til og med sol var det. Frukosten åt me i teltet, klinte syltetøy på 5 skiver... Pakka teltet og utstyr ned og gjekk avgårde. Fiska ved Fagreggi, der det faktisk var litt liv i vatnet, men det var berre Torgeir som fekk fisk... Formen var mykje betre denne dagen, kanskje noko kom av betre vær og med det betre sinn. I forhold til dag 1 koste eg meg når eg fiska! Deretter bar det nedover, der flesteparten kom i busskuret 10 minutt for bussen kom. Me sleit litt med vegvalget ved Kolsete, men med litt skoggåing fant me vegen.


Det som gjekk bra med turen var at alle kom seg opp uten nokre særlege problem, og telta vart sett opp relativt fort. Alle fekk fiska litt, sjølv om det ikkje var noko fisk å få. All matlaging gjekk bra, og alle fekk godt med mat i magen. Dag to var det betre vær, og me fekk til og med sol. Denne dagen koste eg meg når eg fiska, noko eg ikkje fekk til dag 1. Fiskinga var noko av det eg såg fram til, så det var bra at formen var betre dag 2.

Generelt med utstyr, matlaging, fisking og planlegging gjekk det meste etter planen. Det eg har å utsette noko på er at det ikkje var fisk å få, og at eg ikkje hadde dunjakke. Utstyrsmangel; paracettar. Dette må eg hugse å ha med neste gong, då dette vart vesentleg for min tur Dette viste seg å komme veldig godt med. Telta holdt godt, bortsett frå all doggen som samla seg inni teltet om morningen. Det som gjekk mindre bra var formen min. Eg fraus enormt mykje og blei stiv og hadde smerter i kroppen. Dette hadde samanheng med at eg var forkjøla, og dette utvikla seg på turen. Det var nok ikkje den beste ideen, men eg ville verkeleg vera med på turen, så eg valgte det. No har eg lært at det ikkje er so lurt, so eg veit kva eg skal gjera neste gang. Er fortsatt ikkje frisk, ei veke etter turen. Håpar det er bra om ei veke, då me skal på ny tur.

Turmål:


  1.  Planlegge gjennomføre og vurdere tur med overnatting ved vatnmiljø.
  2. Kle seg hensiktsmessig og lære utstyret å kjenne slik at dette ikkje vert nokon begrensing for turen.
  3. Praktisere bestemmingar for friluftsliv og allmenn ferdsel i utmark og ta hensyn til naturen me ferdast i.
  4. Få meir erfaring med korleis ein planlegg ein tur
  5. Ha da kjekt!




  • Mål ein gjekk fint, ikkje noko å utsette på det. Planane gjekk som dei skulle.
  • Me lærte å bruke uttstyre me hadde med oss. Nokre fekk kanskje litt innsikt på det å kle seg hensiktsmessig, der eg er ein av dei som. Eg kjem mest sannsynleg til å gå til innkjøp av ein dunjakke.
  • Ikkje noko å utsette her.
  • Dette har me nok fått, og me har fått vite litt kva som kanskje er viktig, og kva som ikkje er fullt så viktig.
  • Alle hadde det nok kjekt, nokre meir enn andre. Eg var råka av sjukdom, så eg var ein av dei som ikkje hadde det so kjekt. Litt skuffa over dette, hadde gleda meg veldig til turen. Håpar eg er frisk og rask ved neste tur.
Eg vil seie at me nådde alle måla.

Gruppa vår ser ut til å fungere bra, og det virkar som om folk kjem godt overens. Folk hjalp kvarandre om nødvendig og samarbeidet var bra. Teltgruppa mi, altså Synnøve og Susanne, fungerte også bra. Matlaging, teltoppsetting og nedtaking, gjekk smertefritt. Syns me er ein gjeng som fungerar godt saman.

Eg deltok i alt teltgruppa mi gjorde, og det gjorde Synnøve og Susanne og. Siktar då til matlaging og teltopptaking og nedtaking, og ved å fordele fellesutstyr og låne kvarandre utstyr.
Eg var med på samlingane når me skulle lære om stormkjøkkenet, og når me avtalte om fisking etc. På dag to deltok eg ikkje når Torgeir viste gruppa korleis ein sløyer ein fisk. Dette fordi eg kan det, og fordi eg etter ein dårlig første dag, ville kose meg med fiske når eg var i bedre strøk sjølv.

Ville du gjort noko anleis... vell. Eg hadde ikkje blitt med om eg hadde visst utfallet. Eg har no funne ut og lært at sjølv med ein forkjølelse så er det ikkje lurt å gi seg ut på ein slik tur då kroppen blir veldig utmatta. Neste tur vil eg nok også gå med superundertøy på overkroppen frå starten av, då denne transporterer svette betre enn ei t-skjorte.

Eg lærte korleis ein skal bruke stormkjøkken, noko eg ikkje visste frå før. Fann og ut svaret på gåta med fyren i ørkenen.

Alt i alt trur eg folk hadde ein kjekk tur!