lørdag 19. mai 2012


Siste turen - Kanotur te Storøyni!

Bilder kjem.
Da nærma me oss slutten på eit langt skuleår, og siste tur me friluftslivgjengen sto for tur, 3. - 4. mai. Denna gangen bar turen til Storøyni, og for å komma oss dit, skulle me padla kanoa. Me møtte opp torsdag, etter at dei me hadde hatt 1-2 timar på skulen. Me delte ut fellestutstyr, og byrja å gå nedover mot høgskulen, der kanoane låg. På grunn av at vår kjære lærar, Torgeir, hadde skada seg på ski helga før turen, kunne han ikkje væra med oss, og me hadde då vikarar.

I starten var det ... som var med oss. Me tok kanoane ut på vatnet og byrja å padle langs fjøra i Sogndal, for å bli vandt med å håndtera kanoane, og å bli trygge på vatnet. Eg er vandt med både vatn og kano/kajakk, då mest med kajakk, men er trygg i begge. Padlinga gjekk fint, eg og Maja klarte oss bra, men heilt beint gjekk det ikkje. Da me hadde padla ei stund gjekk me på land igjen, for å vente på læraren, Marte, som skulle pandle med oss ut til øya. Me måtte vente ganske lenge, men me fylte tida med diverse leikar, og satt og pratte og koste oss.

Då Marte kom, var det å sette seg i kanoane og padle utover mot øya. Me padla i nærheten, og prøvde å halde oss samla. Me brukte vel 45 minutt på turen. Ved ankomst tok me kanoane opp på land, og begynte å finne ut kor me skulle sette opp lavoane. Me fann først ein plass, men etter nærmare forsking av øya bestemte me oss for ein annan plass. Me begynte å sette opp lavoane med ein gang, og det gjekk relativt fort og enkelt. Det begynte etterkvart å regne, men me fekk opp lavoane nett før det. Me begynte så å lage oss mat, og igjen så var det taco som sto for tur! Go mat! Denne gangen hadde eg tatt med meg privat stormkjøkken med gass, både for å sleppe å styre med rauspriten, og for å sleppe å risikere at me fekk eit stormkjøkken som ikkje var godt vaska. Fungerte strålande.

Da me var ferdige å ete, gjekk eg ut aleine ei stund, då dei andre ikkje ville ut i regnet. Det regna ikkje så gale, det er berre det at lavoen har så stor overflate at det høyres ut som om det er mykje regn. Eg gjekk litt rundt om kring på heile øya og forska, for å sjå korleis det var der. Etter kvart gjekk eg ned til kanoane for å sjå om dei låg langt nok oppe på land i forhold til floen. Der var allerede Marte, som allerede hadde flytta nokre kanoar alt. Eg hjalp ho med dei siste som ikkje låg langt nok oppe, før me for opp igjen til lavoane.

Etterkvart fekk eg med meg ut Dag, Øystein og Kristian, og igjen for me på opdagelsesferd. Etter ei stund fann me ut at me skulle lage ein bålplass med presenningane me tok med oss, og tenne eit bål der. Då kunne alle samlast der om kvelden for å kose oss. Me for litt fram og tilbake før me bestemte oss for kor me skulle henge presenningane, men blei flott der me gjorde det. Torgeir kom på besøk når me dreiv å hengde opp presenningane, og skulle være litt med oss der, ha fagsamtale og litt div. Me tente opp bål og fekk samla gjengen rundt bålet, og der satt me resten av kvelden og leikte forskjellige leikar, som for eksempel mafia! Kjempekjekt! Eg og Dag fann heile tida ved til bålet rundt om kring på øya, som endte opp i at eg stakk meg på ei tornebusk, noko som blødde overaskande mykje. Da bålet slåkna etter ei stund, gjekk me og la oss, etter ein kjempekosleg kveld!

Me skulle ha frukost rundt 9, så eg sto opp ca hall 9 for å gå ut å tenne bålet på bålplassen. Det var veldig fint vær denne fredagsmorningen, noko som var veldig koselig! Eg var ikkje den einaste med tanken om å tenne bål, for der var Vilde og Susanne allerede. Me fyrte opp bålet, og etter kvar kom resten av gjengen for å ete frukost. Nokre lagde pannekaker, andre nudlar, andre hadde skjeva med syltetøy. Eg hadde dei to sistnemde. Etter at me hadde ete, hadde me tid til å leike ei stund, før me måtte pakke. So da leikte me Per på boks, som eg er vandt med at det heiter. Utallig mange navn på den leiken der. Må sei eg lika meg når eg driv å prøve å finna gjøymeplassar både lavt og høgt!



Då klokka nærma seg halv 12, byrja me å pakke. Det gjekk fort og greit, bortsett frå stolpane til lavoane, som ikkje var berreberre å setta sammen atte. Etter litt om og men så fekk me fiksa det, og etter bildetaking av gjengen, reiste me ned til kanoane og begynte å padle heimatt. Det gjekk lika bra som vegen bort. Me tok kanoane på land og opp på stative, før me gjekk opp til friluftslivlageret og hang opp lavoane og presenningane. Då var turen ferdig.


Måla for turen var:

  • Planlegge, gjennomføre og vurdere turar knytta til lokal friluftslivtradisjon
Me planla turen, der me delte oss opp i grupper, der folk tok seg av forskjellige delar av planlegginga. Det meiner eg gjekk heilt fint!
  • Planlegge, gjennomføre og vurdere tur med overnatting ute over fleire dagar i vannmiljø
Me måtte her for eksempel planlegge korleis me skulle ferdast i vannmiljøet, altså at me padla nær land i tilfelle kanovelt, og halde oss samla. Var til tider litt mykje strekk blant kanoane, men det gjekk greit.
  • Behandle og vedlikehalde redskap og utstyr slik at det til ein kvar tid er i orden
Utstyret blei behandla bra, men det var ei utfordring å få stenge i lavoane til å gå oppi kvarandre igjen. Ellers trur eg ikkje det var noko problem med utstyr, og alt blei teke godt teke vare på. Alt utstyret eg tek med meg på turar passar eg godt på, og eg rensar/vaskar/tørkar/luftar alt når eg kjem heim. Viktig for å få så lang levetid på utstyret som mogleg.
  • Vurdere betydningen av hensiktsmessig bekledning for ulike typar friluftsliv
Kle er alltid viktig, og igjen så hadde eg ingen problem, verken med kulde eller regnet som møtte oss. Hadde gore-tex sko på meg på turen, men dei begynner å bli slitte og gamle, så dei blei litt blaute, bleimen det var ikkje noko problem. Om natta tok eg papir nedi dei, så dei var ganske bra om morningen igjen.
  • Gjere rede for og praktisere dei bestemmelsane som gjelder for friluftsliv og allmenn ferdsel i utmark
  • Vise kjennskap til den naturen eleven ferdast i, praktisere eit friluftsliv der hensynet til naturen er overordna
Her passa me på at me ikkje forsøpla eller la igjen andre spor etter oss. Ingen skade på skog eller andre ting i skogen. Ellers føler eg meg veldig trygg på vatn, så den første og einaste turen på vatn med friluftslivklassen gjekk problemfritt for meg, og det virkar som om dei andre var trygge på vatnet og.
  • Forklare dei mest alminnelege varsler naturen gir oss
Dette var enkelt denne turen, men hadde sjøen våre meir uroleg, så måtte me kanskje tatt hensyn til om me kunne padle i det heiletatt, og om me måtte ha padla enda nærmare land enn det me gjorde. Ellers var det ikkje noko problem.
  • Ha det kjekt!
Dette var den siste turen med friluftslivgruppa, og etter eit år med mange fine turar, så var dette ein flott tur å avslutte med. Eg koste meg veldig, og me koste oss mykje rundt bålet om kvelden og om morningen! Det er ein kjekk gjeng, og eg har eit håp om at me kanskje kan ta nokre turar saman framover! Eg har hatt det kjekt i heile år på turane våre, og friluftsliv var eit kjempegodt val av valgfag!
SUPERT! Kjemme te å savna da i 3. klasse... Takk for eit kjempeår, med mange fine turar!