
Me møtte på skulen klokka 9 å henta telt, stormkjøkken, kart og kompass. Avreise ca. klokka 9.30 frå skulen mot Øvstedalen i ein alt for liten buss. Heldigvis smiska eg meg plass med Torgeir. Me gjekk deretter frå Øvstedalen til Fjærlandssete og var på plass 13:05. Dette var inkludert ein matpause på vegen. Alle gruppene førte veg på tur, noko som gjekk fint. Det regna nok så mykje heile tiden, med opplet av og til. Sleit mykje med frost og smerter rundt om kring i kroppen denne dagen, så heilhetsfølelsen av turen var ikkje så bra som håpa.
Dag 2 08.09.2011
Dagen begynte ganske bra, ikkje noko regn, til og med sol var det. Frukosten åt me i teltet, klinte syltetøy på 5 skiver... Pakka teltet og utstyr ned og gjekk avgårde. Fiska ved Fagreggi, der det faktisk var litt liv i vatnet, men det var berre Torgeir som fekk fisk... Formen var mykje betre denne dagen, kanskje noko kom av betre vær og med det betre sinn. I forhold til dag 1 koste eg meg når eg fiska! Deretter bar det nedover, der flesteparten kom i busskuret 10 minutt for bussen kom. Me sleit litt med vegvalget ved Kolsete, men med litt skoggåing fant me vegen.
Det som gjekk bra med turen var at alle kom seg opp uten nokre særlege problem, og telta vart sett opp relativt fort. Alle fekk fiska litt, sjølv om det ikkje var noko fisk å få. All matlaging gjekk bra, og alle fekk godt med mat i magen. Dag to var det betre vær, og me fekk til og med sol. Denne dagen koste eg meg når eg fiska, noko eg ikkje fekk til dag 1. Fiskinga var noko av det eg såg fram til, så det var bra at formen var betre dag 2.
Generelt med utstyr, matlaging, fisking og planlegging gjekk det meste etter planen. Det eg har å utsette noko på er at det ikkje var fisk å få, og at eg ikkje hadde dunjakke. Utstyrsmangel; paracettar. Dette må eg hugse å ha med neste gong, då dette vart vesentleg for min tur Dette viste seg å komme veldig godt med. Telta holdt godt, bortsett frå all doggen som samla seg inni teltet om morningen. Det som gjekk mindre bra var formen min. Eg fraus enormt mykje og blei stiv og hadde smerter i kroppen. Dette hadde samanheng med at eg var forkjøla, og dette utvikla seg på turen. Det var nok ikkje den beste ideen, men eg ville verkeleg vera med på turen, så eg valgte det. No har eg lært at det ikkje er so lurt, so eg veit kva eg skal gjera neste gang. Er fortsatt ikkje frisk, ei veke etter turen. Håpar det er bra om ei veke, då me skal på ny tur.
Turmål:
- Planlegge gjennomføre og vurdere tur med overnatting ved vatnmiljø.
- Kle seg hensiktsmessig og lære utstyret å kjenne slik at dette ikkje vert nokon begrensing for turen.
- Praktisere bestemmingar for friluftsliv og allmenn ferdsel i utmark og ta hensyn til naturen me ferdast i.
- Få meir erfaring med korleis ein planlegg ein tur
- Ha da kjekt!
- Mål ein gjekk fint, ikkje noko å utsette på det. Planane gjekk som dei skulle.
- Me lærte å bruke uttstyre me hadde med oss. Nokre fekk kanskje litt innsikt på det å kle seg hensiktsmessig, der eg er ein av dei som. Eg kjem mest sannsynleg til å gå til innkjøp av ein dunjakke.
- Ikkje noko å utsette her.
- Dette har me nok fått, og me har fått vite litt kva som kanskje er viktig, og kva som ikkje er fullt så viktig.
- Alle hadde det nok kjekt, nokre meir enn andre. Eg var råka av sjukdom, så eg var ein av dei som ikkje hadde det so kjekt. Litt skuffa over dette, hadde gleda meg veldig til turen. Håpar eg er frisk og rask ved neste tur.
Eg vil seie at me nådde alle måla.
Gruppa vår ser ut til å fungere bra, og det virkar som om folk kjem godt overens. Folk hjalp kvarandre om nødvendig og samarbeidet var bra. Teltgruppa mi, altså Synnøve og Susanne, fungerte også bra. Matlaging, teltoppsetting og nedtaking, gjekk smertefritt. Syns me er ein gjeng som fungerar godt saman.
Eg deltok i alt teltgruppa mi gjorde, og det gjorde Synnøve og Susanne og. Siktar då til matlaging og teltopptaking og nedtaking, og ved å fordele fellesutstyr og låne kvarandre utstyr.
Eg var med på samlingane når me skulle lære om stormkjøkkenet, og når me avtalte om fisking etc. På dag to deltok eg ikkje når Torgeir viste gruppa korleis ein sløyer ein fisk. Dette fordi eg kan det, og fordi eg etter ein dårlig første dag, ville kose meg med fiske når eg var i bedre strøk sjølv.
Ville du gjort noko anleis... vell. Eg hadde ikkje blitt med om eg hadde visst utfallet. Eg har no funne ut og lært at sjølv med ein forkjølelse så er det ikkje lurt å gi seg ut på ein slik tur då kroppen blir veldig utmatta. Neste tur vil eg nok også gå med superundertøy på overkroppen frå starten av, då denne transporterer svette betre enn ei t-skjorte.
Eg lærte korleis ein skal bruke stormkjøkken, noko eg ikkje visste frå før. Fann og ut svaret på gåta med fyren i ørkenen.
Alt i alt trur eg folk hadde ein kjekk tur!
Litt surt at du skulle verte dårleg på tur. Eg trur likevel du hadde ein bra læringsprosses, og hausta viktige erfaringar du kan nytte seinare. Dag 2 var nok ein liten opptur for heile gruppa, som du seier;
SvarSlettbetre vær og med det betre sinn:)