Tysdag 6. februar var det endelig tid for snøholetur! Me møtte ved friluftslivlageret klokka 8, delte ut fellesutstyr og køyrde mot Hodlekve. Då me var framme ved SIL-hytta i Hodlekve tok me på fellene og traska avgarde mot toppen av trekket. Dette tok ikkje særleg lang tid, me var oppe 10:30 eller noko slikt. I skavellen nett over trekke fekk me utdelt plassar å grave. Dei som trengte heiv i seg mat og deretter me begynte så fort me fekk sjansen. Eg hadde gleda meg lenge til denne turen!
Dag 1
Me gravde eit hol for inngangen og eit hol for nivået me skulle sova på. Pga litt dårleg kommunikasjon blei høgdeforskjellen mellom desse hola litt vel stor, men me fiksa det, og me fekk ei stor og fin hole til slutt. Det var tungt å grave, men det gjekk heilt fint, men kjente på slutten at eg byrja å bli lei all gravinga. Me begynte finpussinga av hola, passa på at det ikkje var nokon dryppkantar, laga kjøkken og plass til sekkane. Me hadde ein offisiell matpause etter nokre timar med graving, noko som gjorde godt, men når nudlane var ferdigspiste, var det på han igjen. Kefø sitta på rompa når ein kan grava snøhola? Nudlar, litt brødskiver og nøtteblanding var maten det gjekk i. Enkelt, godt og næringsrikt!
Då hola var heilt ferdig var det ikkje mykje som skjedde resten av kvelden. Me åt middag, altso taco, som var null stress å forberede. Varma opp kjøttdeig og det var det. Steike godt var det og. Me satt ute og koste oss lenge, såg på dei andre holene, spelte litt kort osv. Me fekk plass til heile ti stk i hola vår! Ikkje gale. I 10-tida var vell hola vår klare til å legge seg, og det var godt etter ein lang dag med mykje aktivitet. Me var spente på om hola kom til å synkja eller drypa mykje. Eg tok nokre testar med armen mi for å sjå kor høgt det var under taket når me la oss, for å vita meir sikkert om det hadde sånke.
Dag 2
Nope. Ikkje i det heile. Strakk opp armen min og det var så godt som presist like høgt som for 8 timar sidan. Det var ganske overraskande, då alle var forberedt på at det kom til å synke. Ikkje hadde det drope noko heller, som var vel og bra. Sov relativt godt, og det var ikkje noko problem å sove i snøhole, bortsett frå at det var ein irriterande kul under meg. Me sto opp halv 8 ca, lagde oss mat, og var ferdig påkledd og dels ferdigpakka til klokka va 9. Etter det sjekka me snølaga og stabiliteten i laga. Det viste seg å vere veldig stabilt, men ikkje så stabilt som først antatt. Etter det fekk me ei innføring og øving av bruk av sende/mottakar, om me ein gong skulle vere uheldige nok til å måtte bruke slikt utstyr. Eg har allereie vore på eit skredkurs, så kunne alt me gjekk gjennom, men dette er ein slik sak som ikkje kan bli repetert nok!
Etter at me hadde fått øvd oss litt, gjekk me og åt lunch, og pakka enda litt til. Når me hadde ete oss mette, gravde me (mesteparten Torgeir) ei hola i bakken, der dei som ville kunne bli gravd ned for å få kjenna på korleis det føles. Eg syns da virka spennande og prøvde. Blei overraska øve kor lite snø som skal til før ein ikkje greier å bevega seg i det heile tatt. Får jo oppleva litt korleis det er å bli teken av eit snøras, og om eg ein gong skulle vera so uheldig at eg blir da, så trur eg det viktigaste eg kan gjera, er å ikkje få panikk, og håpe på at kameratane mine får sett igang med kameratredning så fort som mogleg.
Når dei som ville bli greve ned hadde blitt det, gjekk me å pakka, såg gjennom holene at det ikkje låg noko igjen etter oss, og so reiste me. Me for då først ned til trekket, så ned til riksvegen, og der venta me på bussen.
På turen lærte eg det å lage snøhole, noko eg syns var kjekt. Ellers var det ikkje noko som var nytt for meg på denne turen.
Måla for turen var:
- Planlegge, gjennomføre og vurdere turar knytta til lokal friluftslivtradisjon.
- Planleggje, gjennomføre og vurdere tur med overnatting ute over fleire dagar i vinterfjellet.
- Vell, me planla turen, og me gjennomførte han som planlagt, og me støtte ikkje på noken særlige problem. Det var bra!
- Behandle og vedlikehalde redskap og utstyr slik at det til ein kvar tid er i orden.
- Eg og gruppa gjore dette, så vidt som eg fekk med meg. Fekk ikkje med meg at noko blei ødlagt på turen, og såg aldri at nokon brukte noko på ein slik måte at det kunne ha blitt ødlagt.
- Vurdere betydning av hensiktsmessig bekledning for ulike typar friluftsliv
- På ein slik tur, der det er store sjansar for å bli blaut og veldig svett, er det veldig viktig at ein har gode kled, og at ein har me byte. Dette hadde eg, og det gjekk mykje betre enn forventa. Eg fraus ikkje gjennom heile turen, noko som var ein utruleg kjekk opplevelse! Gruppa vår generelt var godt rusta, bortsett fra Ingrid, som fraus på nasen.
- Vise kjennskap til den naturen eleven ferdast i, og praktisere eit friluftsliv der hensynet til naturen er overordna.
- Her gjekk me jo gjennom å sjekke snølaga og stabiliteten, noko som ein bør gjere om ein skal opp i brattare terreng. Ellers passa me på å vere snille med naturen, passa på at me rydda grundig etter oss når me for etc. Såg faktisk så grundig gjennom hola at eg fant ei linse i all snøen!
- Forklare dei mest alminnelige varsla naturen gir oss.
- Hadde det trua med full storm hadde me vell ikkje gjennomført turen, sjølv om det er slike situasjonar ein bør grave seg inn i snøen på. Me var veldig heldige med været, passe temperatur, og ingen nedbør før dag 2, utan at det blei eit problem. Snøen var stabil, så det gjekk fint å grave seg inn i snøen.
- Ha det kjekt! :D
- Eg hadde det vertfall superkjekt! :D Utruleg morro tur, og eg hadde gleda meg lenge til denne. Både gravinga og sovinga og alt me gjorde var kjekt! Som eg ha sagt i alle dei tidlegare innlegga: super gjeng, kjekt å vere på tur med dei!
Alt i alt var dette ein utruleg kjekk tur, men eg syns da va kjedle at me berre kunne sova ei natt, me ei so fin hola kunne me vertfall sove ei natt til, vertfall me tanke på arbeidet som låg bak! Da va kjekt! Eg kjem definitivt til å sove i snøhole fleire gonger! Superkos! Synd det er få (ein?) turar igjen med gjengen...