Me møtte på nyeskulen klokka 8, delte ut fellesutstyr og for avgårde. Då me var komne opp i Hodlekve gjorde me oss klare, tok trekket opp, tok på feller og traska avgårde. Det var ekstremt dårleg sikt, og det var vanskeleg å sjå noko som helst, og distanse til noko viss me såg noko. Eg og Dag trudde for eksempel at ein brøytepinne var 150-200 meter vekke, men fann fort ut at det ikkje var noko særleg meir enn 50. Me fortsatte å gå då nokre av oss er veldig godt kjent i området. Etter å ha gått ei stund, og etter at Torgeir slo te med menneskedomino, som eg overlevde, stoppa me og tok av fellene og sigla ned igjen mot tregrensa, der me såg meir når me begynte å laga mat.
Då me hadde komme ned hit begynte me å grave. Eg, Maja og Dag gravde ein sofa med kjøkken, so blei ganske komfortabel. Da som sto pao menyen var Mr Lee nudla og tørka kylling med grønsaker. Etter å ha kokt opp vatn var det klart for å testa. Fann ut at kylling kanskje ikkje var det beste å tørka, då det trengte lang tid for å bli mjukt. Likte ideen til Dag mykje bedre, altso kjøttbolla! I tillegg hadde eg og Maja laga ein slags havrekjeks, som smakte særs godt!
Når me satt og kosa oss begynte det å lette i tillegg, så me fekk litt sol! Det var særs kosleg og me hadde ein kjekk dag! Øystein tok seg tid til å lage hopp medan andre laga mat, so nett før me reiste blei det nokre hopp der folk tok kule triks av diverse. Då me hadde pakka sammen sakene og rydda etter oss køyrde me ned igjen til trekket, for so å pitla oss ned til busstoppen på riksvegen. Der blei alt ein einaste stor snøballkrig!
So va da ferie!
Måla for turen var :
• planlegge, gjennomføre og vurdere turer knyttet til lokal friluftslivstradisjon
• vurdere betydningen av et godt kosthold ut fra praktiske og ernæringsmessige forhold
• behandle og vedlikeholde redskap og utstyr slik at det til enhver tid er i orden
• vurdere betydningen av hensiktsmessig bekledning for ulike typer friluftsliv
• gjøre rede for og praktisere de bestemmelsene som gjelder for friluftsliv og allmenn ferdsel i utmark
• vise kjennskap til den naturen eleven ferdes i, og praktisere et friluftsliv der hensynet til naturen er overordnet
• forklare de mest alminnelige varsler naturen gir oss
• Ha da kjekt !
Me planla turen, me gjennomførte så godt som mogeleg, fann ut at me måtte snu for å få lage mat. Matlagingen var eit vellykka prosjekt.
Det er viktig med eit godt kosthold når ein er på tur då ein treng meir energi enn vanleg, og ein lyt tenkje litt meir på kva ein et. Ein lyt og tenke på korleis og kva som er best å ta med seg i forhold til plass og energi. Små kjeks som er energibomber er jo ikkje spesielt plasskrevande, og er fint å ha med på tur som mellommåltid.
Alt eg tok med blei behandla skikkeleg og bra, alt fungerar enda, slik som det skal. I tillegg brukte eg faktisk ein god del tid på å skrubbe vekk alt sotet frå stormkjøkkenet - det blei så godt som nytt!
Gode klede kan ha ekstremt mykje å seie for ein tur. Har ein skikkelige klede kan ein få ein god tur uansett vær, noko eg har fått erfart på ein del turar no. Uansett kor mykje det bles og regnar eller snør - ein legg nesten ikkje merke til det med gode klede.
Me passar alltid på at ferdselen vår i utmark er som han skal, og at me ikkje gjer beslutningar om ting som stridar imot dette.
Me tar alltid hensyn til naturen, og gjer ikkje noko for å krysse dette.
Me fekk som vanleg dårleg vær og sikt i starten av turen, men ellers var det ikkje så mange varsel me måtte tolke denne gongen. Me passar sjølvsagt på å gå på trygge plassar og diverse. På grunn av godt kjende turkameratar fortsatte me å gå tross det dårlege været. Me hadde i tillegg brøytestikker me kunne gå etter.
Og som alltid så hadde me det kjekt! God gjeng på tur!
Eg kan ikkje sei at eg lærte så mykje denne turen, bortsett frå å seinare kunne sei når nokon tenkjer på å lage ein menneskleg domino. Har også lært litt om kva mat som er praktisk å tørke og ikkje.
Ellers gleda eg meg VELDIG te snøholetur førstkommande veke, då ska me grava ein heilt konge kåk!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar