
Oppover fjellsia var det oss gutta me rando-utstyr som leda veg og brøytte spor. Dette er eg ganske urutinert med, og eg sleit nok litt med å lage dei beste spora til fjellskia bak, men øving gir meistar! Turen gjekk for min del bra, utstyre funka og formen var fin. Eg kosar meg mykje på turen, går og snakkar og nyter naturen. Tenk at me får gjere dette i skuletida! Ypperleg! Dess nærmare toppen me kom, blas det meir og meir, og sikta blei etterkvart dårlegare. Dette gjorde til at me ikkje gjekk heilt opp, men snudde litt før toppen.
Måla me sette oss for denne turen var:
Denne gongen sette me opp desse måla for turen:
- planlegge, gjennomføre og vurdere turer knyttet til lokal friluftslivstradisjon
- behandle og vedlikeholde redskap og utstyr slik at det til enhver tid er i orden
- vurdere betydningen av hensiktsmessig bekledning for ulike typer friluftsliv
- vise kjennskap til den naturen eleven ferdes i, og praktisere et friluftsliv der hensynet til naturen er overordnet
- forklare de mest alminnelige varsler naturen gir oss
- Ha da kjekt!
Nummer 1 er som regel aldri eit problem. Me gjennomførte turen som planlagt, bortsett frå at me stoppa litt før toppen. Sogndalsdalen blir jo meir og meir brukt til akkurat denne type aktivitet, og ein ser på området som å vere blant Noregs beste frikøyringsstadar.
Behandling av utstyr gjekk vertfall fint for min del, då alt eg hadde me meg, og pleier å bruke, fortsatt funka. Eg har og funne ut at eg frå no av tek eg med min personlige spade på tur, då den me lånte hos skulen er mindre praktisk.
Bekledningen trur eg ikkje var noko problem for nokon i gruppa, slik som eg hugsar. Trur ikkje det var nokon som fraus eller blei blaute, shoot me if i'm wrong. Dette er jo flott. og det virkar som om alle byrjar å få veldig god erfaring med kva dei bør ha på seg på tur.
Kjekt har me det som regel! Eg hadde det vertfall, og eg storkosar meg når me er ute på ski. Eg trur resten av gruppa og syns det var kosleg. Gruppemiljøet vårt er strålande, og me trivst godt ilag!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar