lørdag 19. mai 2012


Siste turen - Kanotur te Storøyni!

Bilder kjem.
Da nærma me oss slutten på eit langt skuleår, og siste tur me friluftslivgjengen sto for tur, 3. - 4. mai. Denna gangen bar turen til Storøyni, og for å komma oss dit, skulle me padla kanoa. Me møtte opp torsdag, etter at dei me hadde hatt 1-2 timar på skulen. Me delte ut fellestutstyr, og byrja å gå nedover mot høgskulen, der kanoane låg. På grunn av at vår kjære lærar, Torgeir, hadde skada seg på ski helga før turen, kunne han ikkje væra med oss, og me hadde då vikarar.

I starten var det ... som var med oss. Me tok kanoane ut på vatnet og byrja å padle langs fjøra i Sogndal, for å bli vandt med å håndtera kanoane, og å bli trygge på vatnet. Eg er vandt med både vatn og kano/kajakk, då mest med kajakk, men er trygg i begge. Padlinga gjekk fint, eg og Maja klarte oss bra, men heilt beint gjekk det ikkje. Da me hadde padla ei stund gjekk me på land igjen, for å vente på læraren, Marte, som skulle pandle med oss ut til øya. Me måtte vente ganske lenge, men me fylte tida med diverse leikar, og satt og pratte og koste oss.

Då Marte kom, var det å sette seg i kanoane og padle utover mot øya. Me padla i nærheten, og prøvde å halde oss samla. Me brukte vel 45 minutt på turen. Ved ankomst tok me kanoane opp på land, og begynte å finne ut kor me skulle sette opp lavoane. Me fann først ein plass, men etter nærmare forsking av øya bestemte me oss for ein annan plass. Me begynte å sette opp lavoane med ein gang, og det gjekk relativt fort og enkelt. Det begynte etterkvart å regne, men me fekk opp lavoane nett før det. Me begynte så å lage oss mat, og igjen så var det taco som sto for tur! Go mat! Denne gangen hadde eg tatt med meg privat stormkjøkken med gass, både for å sleppe å styre med rauspriten, og for å sleppe å risikere at me fekk eit stormkjøkken som ikkje var godt vaska. Fungerte strålande.

Da me var ferdige å ete, gjekk eg ut aleine ei stund, då dei andre ikkje ville ut i regnet. Det regna ikkje så gale, det er berre det at lavoen har så stor overflate at det høyres ut som om det er mykje regn. Eg gjekk litt rundt om kring på heile øya og forska, for å sjå korleis det var der. Etter kvart gjekk eg ned til kanoane for å sjå om dei låg langt nok oppe på land i forhold til floen. Der var allerede Marte, som allerede hadde flytta nokre kanoar alt. Eg hjalp ho med dei siste som ikkje låg langt nok oppe, før me for opp igjen til lavoane.

Etterkvart fekk eg med meg ut Dag, Øystein og Kristian, og igjen for me på opdagelsesferd. Etter ei stund fann me ut at me skulle lage ein bålplass med presenningane me tok med oss, og tenne eit bål der. Då kunne alle samlast der om kvelden for å kose oss. Me for litt fram og tilbake før me bestemte oss for kor me skulle henge presenningane, men blei flott der me gjorde det. Torgeir kom på besøk når me dreiv å hengde opp presenningane, og skulle være litt med oss der, ha fagsamtale og litt div. Me tente opp bål og fekk samla gjengen rundt bålet, og der satt me resten av kvelden og leikte forskjellige leikar, som for eksempel mafia! Kjempekjekt! Eg og Dag fann heile tida ved til bålet rundt om kring på øya, som endte opp i at eg stakk meg på ei tornebusk, noko som blødde overaskande mykje. Da bålet slåkna etter ei stund, gjekk me og la oss, etter ein kjempekosleg kveld!

Me skulle ha frukost rundt 9, så eg sto opp ca hall 9 for å gå ut å tenne bålet på bålplassen. Det var veldig fint vær denne fredagsmorningen, noko som var veldig koselig! Eg var ikkje den einaste med tanken om å tenne bål, for der var Vilde og Susanne allerede. Me fyrte opp bålet, og etter kvar kom resten av gjengen for å ete frukost. Nokre lagde pannekaker, andre nudlar, andre hadde skjeva med syltetøy. Eg hadde dei to sistnemde. Etter at me hadde ete, hadde me tid til å leike ei stund, før me måtte pakke. So da leikte me Per på boks, som eg er vandt med at det heiter. Utallig mange navn på den leiken der. Må sei eg lika meg når eg driv å prøve å finna gjøymeplassar både lavt og høgt!



Då klokka nærma seg halv 12, byrja me å pakke. Det gjekk fort og greit, bortsett frå stolpane til lavoane, som ikkje var berreberre å setta sammen atte. Etter litt om og men så fekk me fiksa det, og etter bildetaking av gjengen, reiste me ned til kanoane og begynte å padle heimatt. Det gjekk lika bra som vegen bort. Me tok kanoane på land og opp på stative, før me gjekk opp til friluftslivlageret og hang opp lavoane og presenningane. Då var turen ferdig.


Måla for turen var:

  • Planlegge, gjennomføre og vurdere turar knytta til lokal friluftslivtradisjon
Me planla turen, der me delte oss opp i grupper, der folk tok seg av forskjellige delar av planlegginga. Det meiner eg gjekk heilt fint!
  • Planlegge, gjennomføre og vurdere tur med overnatting ute over fleire dagar i vannmiljø
Me måtte her for eksempel planlegge korleis me skulle ferdast i vannmiljøet, altså at me padla nær land i tilfelle kanovelt, og halde oss samla. Var til tider litt mykje strekk blant kanoane, men det gjekk greit.
  • Behandle og vedlikehalde redskap og utstyr slik at det til ein kvar tid er i orden
Utstyret blei behandla bra, men det var ei utfordring å få stenge i lavoane til å gå oppi kvarandre igjen. Ellers trur eg ikkje det var noko problem med utstyr, og alt blei teke godt teke vare på. Alt utstyret eg tek med meg på turar passar eg godt på, og eg rensar/vaskar/tørkar/luftar alt når eg kjem heim. Viktig for å få så lang levetid på utstyret som mogleg.
  • Vurdere betydningen av hensiktsmessig bekledning for ulike typar friluftsliv
Kle er alltid viktig, og igjen så hadde eg ingen problem, verken med kulde eller regnet som møtte oss. Hadde gore-tex sko på meg på turen, men dei begynner å bli slitte og gamle, så dei blei litt blaute, bleimen det var ikkje noko problem. Om natta tok eg papir nedi dei, så dei var ganske bra om morningen igjen.
  • Gjere rede for og praktisere dei bestemmelsane som gjelder for friluftsliv og allmenn ferdsel i utmark
  • Vise kjennskap til den naturen eleven ferdast i, praktisere eit friluftsliv der hensynet til naturen er overordna
Her passa me på at me ikkje forsøpla eller la igjen andre spor etter oss. Ingen skade på skog eller andre ting i skogen. Ellers føler eg meg veldig trygg på vatn, så den første og einaste turen på vatn med friluftslivklassen gjekk problemfritt for meg, og det virkar som om dei andre var trygge på vatnet og.
  • Forklare dei mest alminnelege varsler naturen gir oss
Dette var enkelt denne turen, men hadde sjøen våre meir uroleg, så måtte me kanskje tatt hensyn til om me kunne padle i det heiletatt, og om me måtte ha padla enda nærmare land enn det me gjorde. Ellers var det ikkje noko problem.
  • Ha det kjekt!
Dette var den siste turen med friluftslivgruppa, og etter eit år med mange fine turar, så var dette ein flott tur å avslutte med. Eg koste meg veldig, og me koste oss mykje rundt bålet om kvelden og om morningen! Det er ein kjekk gjeng, og eg har eit håp om at me kanskje kan ta nokre turar saman framover! Eg har hatt det kjekt i heile år på turane våre, og friluftsliv var eit kjempegodt val av valgfag!
SUPERT! Kjemme te å savna da i 3. klasse... Takk for eit kjempeår, med mange fine turar!

torsdag 22. mars 2012

Snøholetur - endele!

Tysdag 6. februar var det endelig tid for snøholetur! Me møtte ved friluftslivlageret klokka 8, delte ut fellesutstyr og køyrde mot Hodlekve. Då me var framme ved SIL-hytta i Hodlekve tok me på fellene og traska avgarde mot toppen av trekket. Dette tok ikkje særleg lang tid, me var oppe 10:30 eller noko slikt. I skavellen nett over trekke fekk me utdelt plassar å grave. Dei som trengte heiv i seg mat og deretter me begynte så fort me fekk sjansen. Eg hadde gleda meg lenge til denne turen!
Dag 1

Me gravde eit hol for inngangen og eit hol for nivået me skulle sova på. Pga litt dårleg kommunikasjon blei høgdeforskjellen mellom desse hola litt vel stor, men me fiksa det, og me fekk ei stor og fin hole til slutt. Det var tungt å grave, men det gjekk heilt fint, men kjente på slutten at eg byrja å bli lei all gravinga. Me begynte finpussinga av hola, passa på at det ikkje var nokon dryppkantar, laga kjøkken og plass til sekkane. Me hadde ein offisiell matpause etter nokre timar med graving, noko som gjorde godt, men når nudlane var ferdigspiste, var det på han igjen. Kefø sitta på rompa når ein kan grava snøhola? Nudlar, litt brødskiver og nøtteblanding var maten det gjekk i. Enkelt, godt og næringsrikt!

 
Då hola var heilt ferdig var det ikkje mykje som skjedde resten av kvelden. Me åt middag, altso taco, som var null stress å forberede. Varma opp kjøttdeig og det var det. Steike godt var det og. Me satt ute og koste oss lenge, såg på dei andre holene, spelte litt kort osv. Me fekk plass til heile ti stk i hola vår! Ikkje gale. I 10-tida var vell hola vår klare til å legge seg, og det var godt etter ein lang dag med mykje aktivitet. Me var spente på om hola kom til å synkja eller drypa mykje. Eg tok nokre testar med armen mi for å sjå kor høgt det var under taket når me la oss, for å vita meir sikkert om det hadde sånke.
 
Dag 2
Nope. Ikkje i det heile. Strakk opp armen min og det var så godt som presist like høgt som for 8 timar sidan. Det var ganske overraskande, då alle var forberedt på at det kom til å synke. Ikkje hadde det drope noko heller, som var vel og bra. Sov relativt godt, og det var ikkje noko problem å sove i snøhole, bortsett frå at det var ein irriterande kul under meg. Me sto opp halv 8 ca, lagde oss mat, og var ferdig påkledd og dels ferdigpakka til klokka va 9. Etter det sjekka me snølaga og stabiliteten i laga. Det viste seg å vere veldig stabilt, men ikkje så stabilt som først antatt. Etter det fekk me ei innføring og øving av bruk av sende/mottakar, om me ein gong skulle vere uheldige nok til å måtte bruke slikt utstyr. Eg har allereie vore på eit skredkurs, så kunne alt me gjekk gjennom, men dette er ein slik sak som ikkje kan bli repetert nok!
 
Etter at me hadde fått øvd oss litt, gjekk me og åt lunch, og pakka enda litt til. Når me hadde ete oss mette, gravde me (mesteparten Torgeir) ei hola i bakken, der dei som ville kunne bli gravd ned for å få kjenna på korleis det føles. Eg syns da virka spennande og prøvde. Blei overraska øve kor lite snø som skal til før ein ikkje greier å bevega seg i det heile tatt. Får jo oppleva litt korleis det er å bli teken av eit snøras, og om eg ein gong skulle vera so uheldig at eg blir da, så trur eg det viktigaste eg kan gjera, er å ikkje få panikk, og håpe på at kameratane mine får sett igang med kameratredning så fort som mogleg.
 

Når dei som ville bli greve ned hadde blitt det, gjekk me å pakka, såg gjennom holene at det ikkje låg noko igjen etter oss, og so reiste me. Me for då først ned til trekket, så ned til riksvegen, og der venta me på bussen.
 

På turen lærte eg det å lage snøhole, noko eg syns var kjekt. Ellers var det ikkje noko som var nytt for meg på denne turen.

Måla for turen var:
  • Planlegge, gjennomføre og vurdere turar knytta til lokal friluftslivtradisjon.
  • Planleggje, gjennomføre og vurdere tur med overnatting ute over fleire dagar i vinterfjellet.
    • Vell, me planla turen, og me gjennomførte han som planlagt, og me støtte ikkje på noken særlige problem. Det var bra!
       
  • Behandle og vedlikehalde redskap og utstyr slik at det til ein kvar tid er i orden.
    • Eg og gruppa gjore dette, så vidt som eg fekk med meg. Fekk ikkje med meg at noko blei ødlagt på turen, og såg aldri at nokon brukte noko på ein slik måte at det kunne ha blitt ødlagt.
       
  • Vurdere betydning av hensiktsmessig bekledning for ulike typar friluftsliv
    • På ein slik tur, der det er store sjansar for å bli blaut og veldig svett, er det veldig viktig at ein har gode kled, og at ein har me byte. Dette hadde eg, og det gjekk mykje betre enn forventa. Eg fraus ikkje gjennom heile turen, noko som var ein utruleg kjekk opplevelse! Gruppa vår generelt var godt rusta, bortsett fra Ingrid, som fraus på nasen.
       
  • Vise kjennskap til den naturen eleven ferdast i, og praktisere eit friluftsliv der hensynet til naturen er overordna.
    • Her gjekk me jo gjennom å sjekke snølaga og stabiliteten, noko som ein bør gjere om ein skal opp i brattare terreng. Ellers passa me på å vere snille med naturen, passa på at me rydda grundig etter oss når me for etc. Såg faktisk så grundig gjennom hola at eg fant ei linse i all snøen!
       

  • Forklare dei mest alminnelige varsla naturen gir oss.
    • Hadde det trua med full storm hadde me vell ikkje gjennomført turen, sjølv om det er slike situasjonar ein bør grave seg inn i snøen på. Me var veldig heldige med været, passe temperatur, og ingen nedbør før dag 2, utan at det blei eit problem. Snøen var stabil, så det gjekk fint å grave seg inn i snøen.
       
  • Ha det kjekt! :D
    • Eg hadde det vertfall superkjekt! :D Utruleg morro tur, og eg hadde gleda meg lenge til denne. Både gravinga og sovinga og alt me gjorde var kjekt! Som eg ha sagt i alle dei tidlegare innlegga: super gjeng, kjekt å vere på tur med dei!
 
Alt i alt var dette ein utruleg kjekk tur, men eg syns da va kjedle at me berre kunne sova ei natt, me ei so fin hola kunne me vertfall sove ei natt til, vertfall me tanke på arbeidet som låg bak! Da va kjekt! Eg kjem definitivt til å sove i snøhole fleire gonger! Superkos! Synd det er få (ein?) turar igjen med gjengen...
 

søndag 4. mars 2012

Koketur i Dalen

Fredag 17. februar var me på tur igjen. Hovudfokuset for turen var å tørke, tilberede og eta mat i fjellet. Me hadde alikvell eit mål om å komme oss til Vardafjell, og deretter eit stykke opp mot Kambafjell. Men som vanleg var ikkje værgudane på vår side, og det snøa tett mens det var mykje skådda.

Me møtte på nyeskulen klokka 8, delte ut fellesutstyr og for avgårde. Då me var komne opp i Hodlekve gjorde me oss klare, tok trekket opp, tok på feller og traska avgårde. Det var ekstremt dårleg sikt, og det var vanskeleg å sjå noko som helst, og distanse til noko viss me såg noko. Eg og Dag trudde for eksempel at ein brøytepinne var 150-200 meter vekke, men fann fort ut at det ikkje var noko særleg meir enn 50. Me fortsatte å gå då nokre av oss er veldig godt kjent i området. Etter å ha gått ei stund, og etter at Torgeir slo te med menneskedomino, som eg overlevde, stoppa me og tok av fellene og sigla ned igjen mot tregrensa, der me såg meir når me begynte å laga mat.



Då me hadde komme ned hit begynte me å grave. Eg, Maja og Dag gravde ein sofa med kjøkken, so blei ganske komfortabel. Da som sto pao menyen var Mr Lee nudla og tørka kylling med grønsaker. Etter å ha kokt opp vatn var det klart for å testa. Fann ut at kylling kanskje ikkje var det beste å tørka, då det trengte lang tid for å bli mjukt. Likte ideen til Dag mykje bedre, altso kjøttbolla! I tillegg hadde eg og Maja laga ein slags havrekjeks, som smakte særs godt!
 
Når me satt og kosa oss begynte det å lette i tillegg, så me fekk litt sol! Det var særs kosleg og me hadde ein kjekk dag! Øystein tok seg tid til å lage hopp medan andre laga mat, so nett før me reiste blei det nokre hopp der folk tok kule triks av diverse. Då me hadde pakka sammen sakene og rydda etter oss køyrde me ned igjen til trekket, for so å pitla oss ned til busstoppen på riksvegen. Der blei alt ein einaste stor snøballkrig!


So va da ferie!

Måla for turen var :
• planlegge, gjennomføre og vurdere turer knyttet til lokal friluftslivstradisjon
• vurdere betydningen av et godt kosthold ut fra praktiske og ernæringsmessige forhold
• behandle og vedlikeholde redskap og utstyr slik at det til enhver tid er i orden
• vurdere betydningen av hensiktsmessig bekledning for ulike typer friluftsliv
• gjøre rede for og praktisere de bestemmelsene som gjelder for friluftsliv og allmenn ferdsel i utmark
• vise kjennskap til den naturen eleven ferdes i, og praktisere et friluftsliv der hensynet til naturen er overordnet
• forklare de mest alminnelige varsler naturen gir oss
• Ha da kjekt !



Me planla turen, me gjennomførte så godt som mogeleg, fann ut at me måtte snu for å få lage mat. Matlagingen var eit vellykka prosjekt.

Det er viktig med eit godt kosthold når ein er på tur då ein treng meir energi enn vanleg, og ein lyt tenkje litt meir på kva ein et. Ein lyt og tenke på korleis og kva som er best å  ta med seg i forhold til plass og energi. Små kjeks som er energibomber er jo ikkje spesielt plasskrevande, og er fint å ha med på tur som mellommåltid.

    Alt eg tok med blei behandla skikkeleg og bra, alt fungerar enda, slik som det skal. I tillegg brukte eg faktisk ein god del tid på å skrubbe vekk alt sotet frå stormkjøkkenet - det blei så godt som nytt!

  Gode klede kan ha ekstremt mykje å seie for ein tur. Har ein skikkelige klede kan ein få ein god tur uansett vær, noko eg har fått erfart på ein del turar no. Uansett kor mykje det bles og regnar eller snør - ein legg nesten ikkje merke til det med gode klede.

  Me passar alltid på at ferdselen vår i utmark er som han skal, og at me ikkje gjer beslutningar om ting som stridar imot dette.

  Me tar alltid hensyn til naturen, og gjer ikkje noko for å krysse dette.

Me fekk som vanleg dårleg vær og sikt i starten av turen, men ellers var det ikkje så mange varsel me måtte tolke denne gongen. Me passar sjølvsagt på å gå på trygge plassar og diverse. På grunn av godt kjende turkameratar fortsatte me å gå tross det dårlege været. Me hadde i tillegg brøytestikker me kunne gå etter.

Og som alltid så hadde me det kjekt! God gjeng på tur!

Eg kan ikkje sei at eg lærte så mykje denne turen, bortsett frå å seinare kunne sei når nokon tenkjer på å lage ein menneskleg domino. Har også lært litt om kva mat som er praktisk å tørke og ikkje.

Ellers gleda eg meg VELDIG te snøholetur førstkommande veke, då ska me grava ein heilt konge kåk!

fredag 27. januar 2012

Ut på ski, kjempeblid!

Då var endeleg den første skituren med friluftslivgruppa kommen, og den første turen i 2012. Me møtte opp på skulen klokka 09:00, før me køyrde til parkeringsplassen i Gunnvordalen. Derifra skulle turen gå opp mot Svartholten. Me delte ut fellesutstyr og traska avgårde.

Allerede ganske tidleg blei gruppa delt, på grunn av at nokon hadde litt dårlege feller. Torgeir tok turen nedatt til bilen, og henta langfeller til dei som sleit, og etter dette gjekk det ganske bra. Me gjekk i omlag ein og ein halv time, før me tok matpause. Her gravde me oss nokre fine sofaliknande plassar, drakk kakao og koste oss. Før meg gjekk vidare, gravde Steinar ut ei hole, der me skulle sjå på lagdelinga i snøen, og sjekke rasfaren i området. Dette har eg ikkje vore med på før, så dette var interessant å lære, nyttig! Det skal seiast at området me var i var 100% sikkert.

Oppover fjellsia var det oss gutta me rando-utstyr som leda veg og brøytte spor. Dette er eg ganske urutinert med, og eg sleit nok litt med å lage dei beste spora til fjellskia bak, men øving gir meistar! Turen gjekk for min del  bra, utstyre funka og formen var fin. Eg kosar meg mykje på turen, går og snakkar og nyter naturen. Tenk at me får gjere dette i skuletida! Ypperleg! Dess nærmare toppen me kom, blas det meir og meir, og sikta blei etterkvart dårlegare. Dette gjorde til at me ikkje gjekk heilt opp, men snudde litt før toppen.

Føret var ikkje toppers, då det var skara på toppen. Hadde me tatt turen nokre dagar før eller veka etter, hadde me fått utrulege forhold, men, men, kjekt er det lell! Etter at eg, Ingrid, Øystein og Kristian kom ned relativt tidleg, og lenge før dei andre, begynte eg og Ingrid å lage oss ein sofa medan me venta på bussen. Me måtte ikkje vente så lenge, da bussen kom ikkje alt for lenge etter at me kom. Då gjekk me inn der og varma oss og pratte.

Måla me sette oss for denne turen var:

Denne gongen sette me opp desse måla for turen:
  1. planlegge, gjennomføre og vurdere turer knyttet til lokal friluftslivstradisjon
  2. behandle og vedlikeholde redskap og utstyr slik at det til enhver tid er i orden
  3. vurdere betydningen av hensiktsmessig bekledning for ulike typer friluftsliv
  4. vise kjennskap til den naturen eleven ferdes i, og praktisere et friluftsliv der hensynet til naturen er overordnet
  5. forklare de mest alminnelige varsler naturen gir oss
  6. Ha da kjekt!
Nummer 1 er som regel aldri eit problem. Me gjennomførte turen som planlagt, bortsett frå at me stoppa litt før toppen. Sogndalsdalen blir jo meir og meir brukt til akkurat denne type aktivitet, og ein ser på området som å vere blant Noregs beste frikøyringsstadar.

Behandling av utstyr gjekk vertfall fint for min del, då alt eg hadde me meg, og pleier å bruke, fortsatt funka. Eg har og funne ut at eg frå no av tek eg med min personlige spade på tur, då den me lånte hos skulen er mindre praktisk.

Bekledningen trur eg ikkje var noko problem for nokon i gruppa, slik som eg hugsar. Trur ikkje det var nokon som fraus eller blei blaute, shoot me if i'm wrong. Dette er jo flott. og det virkar som om alle byrjar å få veldig god erfaring med kva dei bør ha på seg på tur.

Det varierar frå person til person, men det verka som om dei fleste er vande til både ski og turgåing i fjellet. Det var vertfall ikkje heilt nytt for nokon. Her praktiserer me jo det om å holde oss i ufarlige område, i forhold til skred osv, noko som me gjorde heile turen. Det er flott at me går gjennom slikt også, då det kjem godt med seinare om ein skal på tur. Me ser på varsla natureg gir oss på denne turen, ved at me gravde ei hole og såg på laga, som kan seie oss om det er trygt å ferdast i området eller ikkje.

Kjekt har me det som regel! Eg hadde det vertfall, og eg storkosar meg når me er ute på ski. Eg trur resten av gruppa og syns det var kosleg. Gruppemiljøet vårt er strålande, og me trivst godt ilag!

Ein vellykka, kjekk tur, saman med gruppa! I skuletida! Blir ikkje bedre! Gledar meg til dei neste turane, spesielt snøholeturen!